Logo Fjaerland
www.sognefjord.no

  ENGLISH
  DEUTSCH

START


OM FJÆRLAND

ATTRAKSJONAR

AKTIVITETAR

ARRANGEMENT

OVERNATTING

SERVERING

TRANSPORT

VÊR & KLIMA

LENKJER

SISTE NYTT

Fjærland turistinformasjon
6848 Fjærland
Tel. 57 69 32 33
Faks: 57 69 12 78
info-at-fjaerland.org

Destination Fjord Norway

Attraksjonar

BøyabreenUtløpar av Jostedalsbreen. Lågaste punkt 150 m o.h. Isen i brefallet sig nedover fjellsida med ein fart på om lag 2 m per dag. Lett tilkomst med bil/buss, om lag 10 km frå ferjekaien.
grafikk/211minTJH.JPG
Foto:Trond J.Hansen

Bøyaøyri naturreservatBøyaøyri er eit elvedelta der det til saman er registrert 100 fugleartar. Viktig kvile- og hekkeområde for trekkfugl. Fuglekikartårn.
grafikk/184min.jpg
Foto:Trond J.Hansen

Den norske bokbyenDen norske bokbyen har 4 km med bruktbøker til sals. Gamle fjøs og naust er tekne i bruk til bokutsal og gjev eit stemningsfullt særpreg på dei mange bokbutikkane. Nokre av bokutsala er kombinert med kafe, husflidutsal, turistinformasjon og kunstgalleri.

Bokbyen ligg i Mundal, vakkert plassert mellom fjorden og breen, og er open kvar dag frå 10-18, frå 28.april til 23.september 2012. Gjennom heile sesongen har Bokbyen interessante boktilstelningar og anna kulturprogram.

Bokbyen sel bøker over postordre og nett heile året, og kan ta imot bøker etter avtale.

Eiga vevside
(Denne lenkja går kanskje ut av vevområdet til fjaerland.org)

grafikk/030min bokbyen t.j.h
Foto:Trond J.Hansen

Fjærland kyrkjeFjærland kyrkje blei bygd i 1861 (ombygd i 1931). Altartavle frå 1931, måla av Bernt Tunold. Kyrkja er ope mellom kl. 10 og 18 frå juni - august.
grafikk/Fjærland kirke min,t.j.h
Foto:Trond J.Hansen

FjærlandsfjordenFjærlandsfjorden er ein 30 km lang sidearm av Sognefjorden. Turen med båt frå Balestrand blir rekna som ein av dei vakraste i Noreg.


grafikk/002min t.j.h
Foto:Trond J.Hansen

FlatbreenDel av Jostedalsbreen, om lag 1000 m o.h. Like ved ligg Flatbrehytta, ei ubetjent hytte med 18 overnattingsplasser. Det går tursti frå Supphelledalen (ved Øygarden) opp til Flatbreen.

Eiga vevside
(Denne lenkja går kanskje ut av vevområdet til fjaerland.org)

grafikk/Tyskarnipa 06 Gaute D.Bøyum.jpg
Foto:Gaute D.Bøyum

Hotel MundalDet ærverdige trehotellet, Hotel Mundal i sveitsarstil, blei bygd i 1891 og er eit av dei få attverande trehotella i landet. Hotellet er ope mai - september.

Eiga vevside
(Denne lenkja går kanskje ut av vevområdet til fjaerland.org)

grafikk/DSC_0661 Hotel Mundal min.jpg
Hotel Mundal

Jostedalsbreen nasjonalparkJostedalsbreen nasjonalpark har ei stor spennvidde i naturtypar frå frodig edellauvskog i låglandet til isbrear og høgfjell. Jostedalsbreen er den største breen på det europeiske fastland og er vel 80 km lang. Nasjonalparken blei oppretta i 1991 og om lag halvparten er bredekt.
grafikk/DSC_0635 (1)min.jpg

K.A. Straumsvågs AntikvariatKjell Arve Straumsvågs antikvariat med 25.000 bøker til sals i dei fleste kategoriar. Har bøker på mange språk, antikvariske og brukte, eldre som nye.

Har ei stor barnebokavdeling, reiselitteratur, krigshistorie og andre historiske emneområde,kunst og kultursoge, alle typar skjønnlitteratur
med meir. Sel også bøker per postordre.

Straumsvågs antikvariat er ein sjølvstendig bokbutikk, som ligg i Den norske bokbyen i Mundal, Fjærland.




Eiga vevside
(Denne lenkja går kanskje ut av vevområdet til fjaerland.org)

grafikk/069min t.j.h
Foto:Trond J.Hansen

KunstKunstgalleriet i Mundal ligg på Bok og Bilde er i same bygninga som turistinformasjonen.Ope dagleg kl. 10-18 i månadene mai - september.

Ta en tur innom og se Rutlesamlingi, treskjæring frå Fjærland,med motiv frå bygdeliv og kultur. I tillegg fortsetjer vi me fotoutstilling frå Fjærland. Lokalprodusert keramikk er til sals på turistinformasjonen. Det vil i høgsesong bli utsilling av eit bokbinderverkstad i Gamle-Posten, som ligg tvers over gata for Bok og Bilde.

Norsk BremuseumEit interaktivt museum for heile familien som gir deg kunnskap om is, snø, landskap og klima på ein ny og spennande måte. Gjer dine eigne eksperiment med 1000 år gamal is frå Jostedalsbreen. Panoramafilm laga av Ivo Caprino og ny opplevingsutstilling frå 2007 om klimaendringar. Museet er teikna av Sverre Fehn og blei opna av H.M. Dronning Sonja i 1991.

Opningstidar:
April,mai,sep,okt: 10-16, kvar dag
Jun,jul,aug: 9-19, kvar dag

Eiga vevside
(Denne lenkja går kanskje ut av vevområdet til fjaerland.org)

grafikk/Per Backe-Hansenmin, bremuseet.jpg
Foto:Per Backe-Hansen

SupphellebreenDen lågastliggjande breen i Sør-Noreg, berre 60 m o.h. Breen blir halde i live av isras frå Brefallet til Flatbreen, 800 m høgare oppe i fjellsida. Kvart år rasar det ned om lag 2 mill. tonn is. Lett tilkomst med bil/buss, omlag 10 km frå ferjekaien.
grafikk/201min supphellebreen t.j.h
Foto:Trond J.Hansen

Opp igjen


Fjaerland reiselivslag 2010 - webmaster: post'at'sprak-og-data.com